Floral Punch – Nellie Snellen

Greidde visst ikkje heilt gå forbi butikken her om dagen.  Så då vart det innkjøp av Floral Punch epleblomst av Nellie Snellen med pregar. Veldig kjekt at dei hadde sett med begge samla.  Dette trur eg nok er eit godt kjøp, for no fekk eg bruk for alle dei gamle restane av papir som eg har samla på.  Genialt 🙂  Og så kan ein jo lage eigne blomar til eit kvart høve.  Det er jo greit å kunne lage noko som passar spesielt til kortet,  og det er ekstra kjekt å ha med pregar.  Då vert det litt meir struktur og liv i blomen.

Måtte jo og dokumentere dei fyrste blomane.